Viser innlegg med etiketten dikt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dikt. Vis alle innlegg

søndag 26. juni 2011

Inspirasjon frå ei drakebok

Kom det flamma udav Sam?
Kom det nype udav Sam?
Kom det mynte udav Sam?

fredag 3. juli 2009

Lufsing i Haugtussa

So leikar dei rundt i lysteleg Dans,
paa tvo Bein og andre paa fire;
det svingar med Arm og sveiver med Svans;
det dissar i Stokk og i Spire.
Daa høyrest det Traakk.
Inn støler ein Flokk . . .

Jau no skal me sjaa her vert folksamt nok!

Huldri or Haug.
Tuft og Dverg og Draug,
Bøyg og Bustetroll
bykser inn i Koll;
lufsar i Kring
lett som inginting,
kravlar upp paa Kant og Kiste;
lempar seg Rom
midt i Staak og Ljom,
dansar der i Kraa;
ingin kann det sjaa;
Gryte og Kjel,
Horn og Tussespél
læt ein Laatt som ingin visste